001_Mollinga_paa_fjelltur_-.jpg
Moldensere på fjelltur. Turistforeningstur til Oksen / Kvitfjellet 20.08.2006 (Fotograf: Ola Gjendem)

Moldedialekt før og no

Molde har vorte godt kjent gjennom Kjell Magne Bondevik og Kjell-Inge Røkke, men ikkje moldedialekten. Ingen av dei snakkar eigentleg moldedialekt.

Av: Jon Peder Vestad / www.hivolda.no/jpv

Det dei snakkar, er eit slags bokmål med romsdalsk tonelag, ispedd eit og anna romsdalsuttrykket, sjølvsagt. Karita Bekkemellem Orheim er derimot ein god ambassadør for talemålet i Rosenes by.

Da eg voks opp, kjende eg til berre èin Molde-gut som snakka noko som kunne likne språkføringa til Bondevik og Røkke. Han sa ikke og prata det vi kalla finmoldensar. Denne guten var nokre få år yngre enn meg, og kom frå ein etablert Molde-familie. Sjølv om han budde på austkanten, eigentleg utafor austre bydel, snakka han fint. No, eit par tiår etter, er det ikkje uvanleg at unge moldensarar seier ikke, lenge etter at dei har slutta å snakke barnespråk. Omtrent ved det leitet at ein skulle tru at den gamle finmoldensardialekten ikkje fekk nye brukarar lenger, breier han seg att, altså. Men sia eg voks opp austafor sentrum, kan det hende at eg ikkje fekk med meg at ein del fine dialekttrekk stod sterkare enn eg visste hos enkelte unge i Molde. Det gjorde dei ikkje på Kviltorp, Øverland og Bergmo, altså på vår kant av byen.

Årøelva skilde bymål og bygdemål

Familien vår kom til Molde hausten 1971, og da begynte eg på Kviltorp barneskole. Vi budde først nokre år på Kviltorp, før vi flytta vel ein kilometer opp i lia til Øvre Berg. Bydelen Kviltorp var bygd opp etter andre verdskrigen, og det budde mange innflyttarar frå kommunane rundt Molde der. Bergmo ungdomsskole, som vi begynte på i sjuande klasse, samla elevar frå Lønset i aust til Fuglset i vest og Eikrem i nord. I Nordbyen var det berre skog og blåbærlyng på den tida. Det store dialektskiljet på både Kviltorp- og Bergmo-skolen den tida vil eg seie gjekk mellom dei som kom austafor og vestafor Årøelva, ved flyplassen. Vestafor elva snakka folk stort sett moldedialekt, austafor snakka dei vanlegvis breitt. Dette var noko vi var merksame på alt i barneskolen. At klassene på barneskolen i hovudsak blei skilde mellom dei som kom frå Kviltorp, Øvre Berg og Bergmo, og dei som kom frå området frå Lergrovik vest for Årøelva og vidare innover stranda til Lønset (innafor), var med på å halde oppe dialektskiljet. På vestsida av byen fanst ei tilsvarande grense mellom by- og bygdemål.

På ungdomsskolen blei vi som kom frå Kviltorp-skolen samla i ei storklasse med 48 elevar. Både der og på Kviltorp lærte vi eit bokmål som var noko meir prega av folkelege språkformer enn VG og mange lærebøker. Det var heilt greitt med a-endingar, for eksempel. Eg hugsar at ein elev frå Lønset i ein norsktime blei spurd om kva han ville ha sagt dersom han sat under bordet: Onde bora, sa han, og brukte den gamle preposisjonsforma onde og dativforma av bord. Elles hadde dei som kom austafor Årøelva frå gjerne palatalisering (mannj, kveill), medan vi som kom frå andre sida av elva, mangla det. Og dei som kom innafrå stranda, altså Årø, Røbekk, Strande og Lønset, sa ofte me i staden for vi, nåkkå og hadde andre former som skilde dei frå bydialekten. Eldre folk på Kviltorp sa også me, hadde palatalisering og dativ (på fjernsyna), og så vidt eg veit er det enno eldre, innfødde kviltorpingar i live som snakkar slik. Mange har dei aldri vore, sia Kviltorp var ein ung bydel. På Eikrem, som var og kanskje er for ei bygd å rekne, skal me ha vorte brukt i staden for vi også blant enkelte som var fødde så seint som rundt 1960.

I heile dette området var det innflytting, slik at ein også inne frå bygdene austafor Årøelva kunne finne ungar som snakka bymål. I ein og same syskenflokk kunne også dialektbruken sprike. Da eg seinare begynte på Molde vidaregåande skole, blei eg kjend med elevar frå dei indre bygdene i Molde kommune, og frå Bolsøya og Skåla-halvøya. I tillegg var det elevar frå resten av Romsdal, med unnatak av Rauma. Moldensarane frå bygdene innover Fannefjorden og Skåla-halvøya snakka enda breiare enn det klassekameratane mine frå området mellom Årø og Lønset gjorde. I dag har eg inntrykk av at dei fleste som veks opp der snakkar ein slags moldedialekt, og ikkje like tydeleg kleiving eller hovdenakkdialekt som i mi tid. Det same kan nok gjelde Elnesvågen og Eidskrem utafor kommunegrensene. Og iallfall i bydelane nærast Molde sentrum, er mange av dei romsdalske språkdraga som var vanlege da eg voks opp, mindre hyppige blant dei unge i dag. Dialekten har komme nærare bokmålet og den gamle finmoldensardialekten.

I grunna ei fole kaule, ta

Dei som snakka finmoldensar, budde helst i sentrum, eller kom frå sentrum. Men eg har arbeidd for ein kar på Årø som snakka finmoldensar, og det hadde nok med familietradisjon å gjere. Finmoldensarane kunne nok snakke som andre moldensarar, men dei prøvde helst å gjere noko anna. Ganske ofte kunne ein høre ei veksling mellom jei og i, og ikke og ikkje. Det kunne verke litt komisk, og blei ofte fleipa med, også av vaksne som snakka vanleg molde- eller romsdalsdialekt. Og i ordforrådet kunne finmoldensarane ty til mange av dei innarbeidde orda som var vanlege blant dei som snakka ein meir folkeleg moldedialekt, som adjektiva fole og kjøle (med tjukk l). Desse to uttrykka trur eg kanskje er noko mindre brukte i Molde no enn dei var før. Av og til har eg forresten inntrykk av at fole og kjøle blir henta fram av enkelte moldensarar for å vise at dei kan desse romsdalsuttrykka som dei synest er litt spesielle og småpussige, ikkje fordi orda er ein del av daglegtalen. Men det gjeld berre enkelte. Kjøle har forresten vore mindre brukt i Molde enn fole.

Vi kan sjå meir på ord og former som var utbreidde hos vanlege moldensarar da eg gjekk på Kviltorp og Bergmo, og desse uttrykka og seiemåtane kan sjølvsagt vere i full bruk hos mange moldensarar enno. Da eg gjekk på barneskolen, var påppelåppe eit vanleg ord for løvetann hos moldeungar med romsdalsk bakgrunn, medan vi innflyttarungar snakka om nettopp løvetann. Namnet Poppeloppeteateret kjenner mange moldensarar. Slåsskamp var kaule (ordet kan au bety blekksprut), sniglehus heitte kokkelur, og gåple var blant anna det vanlege ordet for manet. Ein som var forelska for ætter ein eller ei, og da var ein som oftast over den alderen da ein spelte klinkis (klinkekuler). Enkelte brukte ordet kebbe om å knabbe eller naske. Båtar kålva, fotballar blei pola, og ein kunne smeise, druse eller drule både ballar og folk. Eg er slett ikkje sikker på om desse uttrykka er like utbreidde i moldemålet no.

I moldedialekten kunne - og kan - ein elles høre stivna dativuttrykk som i veia, i midta og i grunna, og kanskje nokre til, blant folk som var fødde på i 1960-åra. Først på 1970-talet hugsar eg at det blei sagt toff om ein som var tøff. Mange åt, og få spiste, folk ville sjå og dei såg - formene og se var uvanlege i oppveksten min. Det var au uvanleg at nokon spurde kåmmer du? - det heitte kjæm du?, som sjølvsagt mange i byen seier enno. Og å seie heitte sei, ikkje si. Det blei rekna for fint å seie åsså (også); det vanlege var au. Mange drakk mjølk (med tjukk l), andre mælk, og nesten alle på vår kant av byen åt graut. Vidare heitte det ænn tæu, eit tau, og det seier nok mange enno. Folk sa alltid sjøl og trur, og uttaleforma én av pronomenet ein var ikkje vanleg anna enn hos dei som snakka finmoldensar. Å seie blei rekna for finprat og knot, og var mykje meir uvanleg enn no, som folk flest sa. Det var elles aldri snakk om noko anna enn korsn (korleis), koffår eller koffer (korfor), kæm (kven) og ka (kva). Kvar dag blei til kvar eller kvær dag. Bokmålsformene hørte berre finmoldensarane til, og knapt nok heilt gjennomført hos dei.

Ein kårni brif

Eg begynte på ungdomsskulen i 1976, og tok da til å lære ungdomsslang. På den tida var det somme uttrykk som var særleg populære. Det var å brife, imponere, blære og svære seg med, yppe med; og ein person kunne vere ein brif, ein som yppa og var blærete og brysam. I dag blir kødd brukt om omtrent same typen, men dette ordet manglar det blærete som låg i brif. Ordet kødd var ukjent hos oss på 1970-talet, - verbet kødde var visst brukt - og ingen blei kalla pinglete. Elles snakka vi om at noko eller nokon var kårni, altså corny, sprø, dum, eller at noko var sjåvv, artig. Det var ikkje så mykje brukt som 'brife' og kårni. Var noko heilt gale, kunne ordet kårni-pip vere det rette å bruke. Det er nok danna etter mønster for kålpip, som blant anna var eit ord på Fuglset for ein idiot. Og i denne tida dukka også det merkelege talordet ørten opp i Molde også, om størrelsar som det ikkje er råd å telje opp.

Eg vil nemne at grensa mellom banning og ikkje-banning gjekk ved steike. Det var og er banning i Romsdal, rettnok ikkje grov banning. Eg blei overraska da eg begynte på kristeleg folkehøgskule i 1982 og hørte tensingarar frå Stavanger seie steike. Det var ikkje banning på den kanten. Steine var og er merkeleg nok ikkje banning i Romsdal, sjølv om dette uttrykket akkurat som steike i opphavet er eit ønske noko vondt. Liknande kraftuttrykk, utan stempel som bannskap, var steise og styre. I staden for å seie at nokon var ein helvetes tulling, var det vanleg å bruke den gamle genitivforma helveta. Det same finn vi i helsika. Det var berre snakk om rasshål (med tjukk l), aldri rasshøl.

Da eg voks opp, var det enno ganske mange som sa på Molde i byen, rett nok ikkje i min generasjon og ikkje folk frå sjølve byen. Sjølv var eg van med heimefrå at det heitte på Molde, og blant dei andre vaksne innflyttarane frå Romsdal og Nordmøre som budde i nabolaget, var det det same. Eg flytta frå byen i 1982, og da hadde eg enno ikkje tatt ordet kul i munnen. Det var nok ingen som sa kul i Molde den tida, - eller om dei gjorde det, så var det som ein fleip. Sikkert dei første hundre gongane eg sa kul, var det som eit ironisk lån frå oslodialekten; - vi som ikkje kom frå Oslo-området, var jo eigentleg ikkje kule nok til å seie kul... No er det heilt innarbeidd hos meg, som det er i moldedialekten, og i Oslo er det hipt og freesjt' no. I staden for kult, blei heller sløyt sagt om noko ein likte, noko artig. Trivelege, morosame menneske var sløye. Dette ordet har visst vore brukt i jazzmiljø, så kanskje det er noko jazzpionerane i Rosenes by har gitt oss?

Utflyttarmål og bokmål

Eg var atten år da eg flytta frå Molde. Ganske snart la eg merke til at folk eg kjende frå heimbyen, la av seg enkelte drag frå moldedialekten. Det varierte sjølvsagt i kva grad folk la om talemålet sitt - somme tviheldt på det. Det kunne for eksempel vere lett å merke at enkelte blei ganske mykje "meir" moldensar i målet sitt når dei møtte byfrendar enn dei var til vanleg. Slik tilpassing er heilt naturleg, så det er sagt. Somme fekk ein slags e-lyd som pronomen i staden for den meir markerte i-en (i e fra Målde, i), akkurat som om dei var litt flaue over det markerte i-pronomenet. Det nesten alle la av seg, var former som hærno og dærno, som blei erstatta av hær og dær. Na, ta og sa blei til dénna, détta og dissa, med lyse vokalar i rotstavinga. Pronomenet dæm blei ofte erstatta av di, og nåkka og nåkken, som var heilt einerådande i det folkelege moldemålet, blei avløyste av noe og noen. I fleirtal begynte enkelte å snakke om ganger og aviser i staden for ganga og avisa. Den tjukke l-en kunne forsvinne frå enkelte ord, og nåkka gale kunne bli til noe galt (med tynn l). Det utflyttarane derimot ikkje kvitta seg med, var é for er, a-endingar i verb (sykla) og tonefallet, som eg må nemne at eg synest er utruleg vakkert.

No har eg inntrykk av at slike språkdrag, som utflytta, unge moldensarar kvitta seg med på 1980-talet, er på veg ut av moldemålet også hos mange av dei yngre i Molde. Det dei blir erstatta med, er det eg litt frekt kan kalle knoteformene eller finmoldensar. Det betyr ikkje at dei tradisjonelle draga eg har nemnt frå moldedialekten har forsvunne hos alle unge, men eg meiner at dei alt i alt kan vere noko mindre vanlege no enn før. Eit muleg samanfall mellom dei språkdraga utflyttarane tok til å bruke for ti-tjue år sia og det ein del moldeungdom har begynt å seie no, er interessant. Det syner kva i moldedialekten det er som er minst hardført, og det kan fortelje noko om utviklinga av dialekten i framtida. Vi ser iallfall at talemålet endrar seg, og at det stort sett er ord og former som samsvarer med nynorsken som forsvinn, og ditto frå bokmålet som kjem inn. Sia nynorsk berre er sidemål i moldeskolane, gir det lita støtte til bruken av dei tradisjonelle språktrekka som vi finn att nettopp i nynorsken.

Dialektskilje i byen?

Det er først etter at eg har fått Molde på avstand at eg for alvor har sett forskjellen mellom aust og vest i byen. Dei åra eg budde på Kviltorp og Øvre Berg la eg fyrst og fremst merke til skiljet mellom oss som kom frå bustadfelta frå Fuglset til Kviltorp på den eine sida, og dei som kom frå Årø og innover på den andre sida, innafor som det blei sagt. Vi som budde på Kviltorp, Øvre Berg, Bergmo, Øverland og Fuglset, kom frå bydelar som i stor grad var bygde opp frå 1950-og 60-talet og seinare. Her fanst det mange innflyttarar frå bygde-Romsdal, og hadde romsdalsnamn som Stavik, Tornes, Farstad, Gjerde, Hostad og Beinset. Sjølvsagt fanst det au folk frå andre landsdelar. I foreldregenerasjonen var det nok til ein stor grad slik at dialektane til innflyttarane frå Romsdal likna meir på målet til dei som budde på dei gamle gardane enn på bydialekten. Derfor blei dei ikkje nokon stor avstand mellom talemålet til dei nyinnflytta og dei som hadde budd i området tidlegare. Iallfall blei alle vande med temmeleg breitt, romsdalsk mål.

Dei andre innflyttarane tok med seg sine nordmørs- og sunnmørsdialektar, av og til var dei frå andre stader au, men likevel var desse meir fremmende dialektinnslaga ikkje så sterke og prestisjetunge at dei prega det språket ungane deira voks opp med. Ungar som flytta inn med nordmørs- eller sunnmørsdialekt, begynte å snakke moldensar med tydelege innslag frå den opphavlege dialekten, men likevel: Dei snakka moldedialekt. Dei som ikkje gjorde det, blei i mindre grad språkmisjonærar enn dei som veks opp med ein annan dialekt i dag, sia det var færre av dei. No har eg inntrykk av at ungar som veks opp, oftare enn for nokre år sia arvar talemålet til mor eller far eller vesentlege drag frå det, særleg viss det er snakk om ein bokmålsnær dialekt. Og i slike tilfelle er det au meir akseptert at innflyttarbarn held på den dialekten ein hadde før ein kom til byen, eller ein får eit blandingsmål, ein idiolekt. Det er eg eit eksempel på. Sunnmørsdialekt var elles sett svært ned på, i tråd med den avskyen moldensarar iallfall på den tida hadde overfor folk frå sørsida av Romsdalsalpane. Det var vanskeleg å vere sunnmøring og snakke sunnmørsdialekt i Molde da eg voks opp. Det var ein av dei klaraste mobbegrunnane som fanst.

I sjølve byen var situasjonen ein annan - sikkert med unnatak for mobbinga av sunnmøringane. Der fann vi for det første dei gamle moldefamiliane, som hadde budd i byen minst to-tre generasjonar. Mange av dei snakka fint. Der budde det au fleire legar og advokatar, velutdanna offentlege tenestemenn og forretningsfolk, og dei kom gjerne frå andre landsdelar. Ein del av dei hadde nok talemål med meir status enn for eksempel frening og gossing, dialektane i to av nabokommunane. Her var nok innslaget av innflyttarar med prestisjetunge talemål frå andre landsdelar såpass sterkt at det saman med den gamle finmoldensardialekta sytte for at talemålet i sjølve byen blei meir bokmålsnært enn det eg voks opp med. Sjølvsagt fanst det unnatak, og i sentrumsområda vest for dei bydelane eg kjenner best, fanst og finst det mange frå bygde-Romsdal, med dialekt etter det. Når eg ser på moldedialekten i dag, trur eg nettopp dette samanfallet mellom finmoldensardialekt og prestisjefylte innflyttarmål har klargjort grunnen for framveksten av ein tydeleg finare, meir bokmålsnær moldedialekt enn den eg hørte rundt meg da eg voks opp. Bokmålet i skolen og media verkar i same retning. Med meir og betre kommunikasjon på ulike plan i samfunnet attåt dette, er det ikkje unaturleg at moldedialekten har endra seg ein del dei siste tiåra. Selfens, såklart.

Del

Arkiv: artikler

Kvalfangst

Berit Drejer, Bjørn Ringstad, Per Arnt Harnes, Ole Mindor Myklebust og Ottar Befring forteller.

Les mer.

Det spøker i Molde og Romsdal

Hvem er det som går igjen i Superbgården hvor Molde bymuseums fortellerkvelder blir arrangert? Hvorfor ble læreren livredd og sendte elevene hjem fra skolen? Hva skjedde da mørebiskopen drev åndeutjaging i Molde?

Les mer.

Husker du sjauerne på kaia?

Nå kan du se bilder av dem i en unik fotoutstilling Molde bymuseum har laget i butikkvinduene i Amtmann Krohgs gate 3. Bildene viser byens fargerike sjauere og transportarbeidere i arbeid. Utstillingen gir et lite blikk tilbake på livet på kaia rundt 1950. Utstillingen På kaia er åpen døgnet rundt, er gratis og blir stående ut januar.

Les mer.

Første nordmann på Nordpolen?

Moldes ukjente polfarer Trygve Berge viser film og forteller fra Nordpolen, Nordvestpassasjen, Svalbard og jorda rundt med Saga Siglar.

Les mer.